Kongens fortenestemedalje til Paul Harris Fellow Kenneth Bruvik
Bakgrunnen for tildelinga er hans særlege samfunnsnyttige innsats innanfor sosialt arbeid og berekraftig miljø. Bruvik har vore ein frontfigur i kampen mot plastforureininga i havet. Han er instruktør i NJFF og har involvert ungdom i sitt miljøengasjement for ei berekraftig utvikling. Han er Paul Harris Fellow av Sotra Rotaryklubb, der dei etablerte ei eiga "plastgruppe" i 2017. Vi gratulerer så mykje!Medaljen vert overrekt på eit arrangement på Kystmuseet i Øygarden den 22. februar for inviterte gjester. Medaljemottakaren vert seinare invitert til mottaking på Slottet.
Her er lenkje til pressemeldinga om du vil lese meir om Kenneth Bruvik sin innsats: Kongens fortenstmedalje til Kenneth Bruvik - Øygarden kommune (oygarden.kommune.no)

Foto: Turid Refsahl